Digitale verktøy og samhandling med barn og unge

Barn og unge sin måte å gje uttrykk for at ein ikkje er trygg, eller teikn på at dei lever i ein vanskeleg omsorgssituasjon skal alltid takast på alvor. På kva for måte barn og unge kommuniserer at dei har det vanskeleg vil variere. Ei liste over ulike signal vil derfor aldri kunne vera uttømmande. Signala må sjåast i forhold til barnet eller ungdommen sin alder og situasjon, og treng ikkje alltid vere eit signal om alvorleg uro.

Barna sine signal bør likevel vera eit grunnlag for ei samtale med føresette, med unntak av ved mistanke om vald og overgrep. Då skal ein alltid kontakte barnevernet direkte.

Det er viktig å vere merksam på at barn eller ungdom som lever i ein familie med psykisk sjukdom, vald eller rusproblematikk, ofte kompenserer for manglande omsorg ved å vera overdrevent ansvarleg og tilpasningsdyktige. Det er ikkje alle barn viser tydelege signal. Men ofte kan endring i åtferd på eine eller andre måten, vera eit teikn på at ein bør undersøke nærare om det er grunn til bekymring.

I handlingsrettleiaren finn du fleire verkøy som kan hjelpe deg til å definere uroa di, eller hjelpe deg i samhandlinga med barn eller ungdom.

Her finn du digitale verktøy, som kan vera nyttig til refleksjon eller førebuing i møte med det enkelte barnet eller ungdommen.