Handlingsrettleiaren

Målet med “Betre saman” er at barn og unge som i ein kortare eller lengre periode treng hjelp eller støtte, skal identifiserast så tidleg som mogleg. Tidleg innsats i denne samanheng betyr at tiltak skal settast inn så raskt som mogleg etter behovet har oppstått. Godt foreldresamarbeid er ein av hjørnesteinane i arbeidet. I tillegg skal ein skal syte for systematisk og langsiktig oppfølging så lenge behovet er tilstades. I løpet av tiltaksperioden skal tiltaka kontinuerleg evaluerast, og barnet eller ungdommen si stemme skal bli høyrt og vektlagt i tråd med alder og modning.

Føremålet med “Betre saman” er å førebyggje utvikling av samspels- og åtferdsproblemer, fysisk og psykisk helseproblematikk, skuledrop-out, unge uføre, rusmiddelmisbruk og andre formar for utanforskap.

Kviteseid kommune har utvikla ein digital handlingsrettleiar, som viser korleis alle som møter barn og unge i arbeidet sitt skal tenke og jobbe for å identifisere og sette inn tiltak for barn og unge som treng det. Ved hjelp av handlingsrettleiaren skal alle tilsette, uavhengig av arbeidsstad og stilling, vite kva dei skal gjere når dei er bekymra for eit barn eller ein ungdom, og vera kjent med kva som er ansvaret og gangen i det vidare arbeidet. Målet med handlingsrettleiaren er rett hjelp til rett tid, tidleg foreldreinvolvering og at barnets stemme alltid skal bli høyrt.

Handlingsrettleiaren inneheld også fleire verktøy, som er meint å støtte arbeidet. Dette er til dømes observasjonsskjema, skala for uro for barn/ungdom, signal på manglande trivsel hos barn/ungdom m.m.