Reguleringsnettverk (PPT)

Sidan skuleåret 2017 – 2018 har Vest-Telemark PPT hatt fokus på leik og fysisk aktivitet som reguleringshjelp for reguleringssvake barn. Det er gjennomført ei kursrekke, og ein er i gang med fire puljer av nettverket for pedagogar i skule og barnehage. PPT erfarer at skular og barnehagar opplever slik reguleringsstøtte som eit nyttig perspektiv og ei etterlengta praktisk tilnærming til korleis ein kan skape eit inkluderande miljø i skule og barnehage i praksis.

Nettverket er ein viktig møteplass for pedagogar i skular og barnehagar i Vest-Telemark, kor dei gjennom drøfting av krevjande saker kan opnå større innsikt.

Teorigrunnlaget i nettverket bygger m.a. på nevroaffektiv utviklingspsykologi ved Susan Hart og Sunshine Circles og Theraplay med Marie Olsen Kludt.

Dersom du er tilsett som pedagog i skule og barnehage, og synest dette høyrest interessant ut, ta kontakt med rektor eller styrar på de eining.