Brukarmedverknad – barn og unge sin rett til å bli høyrd

Brukarmedverknad innebær at brukaren sjåast på som ein likverdig part i samtaler og beslutningar som gjeld eigne utfordringar. Brukarmedverknad i denne samanheng tyder både foreldre/føresette og barnet eller ungdommen sjølv. Båe partar er like viktige.

Det viktigaste i møtet med brukaren er god kommunikasjon og å vera open og lydhøyr for kva den enskilde sjølv meiner er viktig i situasjonen. Ofte kan vi vaksne tenke at vi veit kva som er best, men eit tiltak som barnet eller ungdommen sjølv ikkje ynskjer eller har tru på, har sjeldan god effekt.

I samtale med barn og unge treng dei å oppleve at dei kan stole på deg som vaksen for å tørre å fortelje om korleis dei eigentleg har det eller situasjonen dei står i. Det betyr at du som vaksen må vera budd på å ta imot det barnet eller ungdommen fortel. Det betyr også at du må ha ein open og ærleg dialog med barnet eller ungdommen heilt frå starten av om kva du kjem til å gjere i høve informasjonen dei gjev deg. Å miste kontrollen over det dei fortel, opplevast som eit tillistbrot, og fører som oftast til at barnet eller ungdommen ikkje fortel meir. Hugs også på at for deg som vaksen kan det opplevast avgjerande å handle omgåande. For barnet eller ungdommen kan det vera viktig å bruke noko meir tid. Med mindre barnet eller ungdommen er i umiddelbar fare for liv eller helse, kan det vera lurt å bruke litt meir tid på prosessen.

Brukarmedverknad handlar om:

  • å bli teken på alvor
  • å bli behandla med respekt
  • å føle tillit og tryggleik
  • å oppleve sjølv å vera ein del av løysinga på problemet
  • å få hjelp når behovet er der

I tillegg har brukarmedverknad ein eigenverdi i at mennesker som treng og søkjer hjelp, på linje med andre, gjerne vil styre over viktige delar av eige liv, motta hjelp på eigne premissar og bli sett og respektert i kraft av sin grunnleggjande verdigheit.

Viss brukaren kan påverke omgjevnadene gjennom eigne val og ressursar, vil det kunne påvirke sjølvbiletet på en positiv måte og dermed styrke brukaren sin motivasjon. Dette vil kunne bidra positivt til brukaren sin betringsprosess, og såleis ha ein terapeutisk effekt. I motsatt fall kan den hjelpelausheita mange brukarar opplever i møte med hjelpeapparatet bli forsterka.

Her finn du råd frå barn og unge sjølv om kva dei har opplevd er viktig i møte med deg som vaksen fagperson.

Medverknadstrappa