Avviks- og kvalitetssystem

Compilo

Avviks og kvalitetssystemet skal syte for at prosedyrar følgjast og planlagte oppgåver gjennomførast. Kviteseid kommune nyttar Compilo som kvalitetssystem. I Compilo finn tilsette gjeldande prosedyrar, rutinar og planar, og dei kan melde avvik, dersom lov eller regelverk ikkje blir følgt.

Tilsette loggar inn i Compilo via heimesida til Kviteseid kommune, på intranettet.

Tilsyn

Sikring av rett praksis skjer også gjennom tilsyn. Tilsyn betyr at ein instans innan offentleg forvaltning undersøker om kommunen overheld lov og regelverk og at innbyggjarane får dei tenestene dei har rett på. Som oftast er det Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark som fører tilsyn med Kviteseid kommune, men det kan også vera andre statlege instansar som til dømes Arbeidstilsynet eller Datatilsynet.

Forvaltningsrevisjon

Forvaltningsrevisjon er ei systematisk vurdering av korleis kommunen sin administrasjon utfører sine oppgåver opp mot kva kommunestyret har vedteke. I ein forvaltningsrevisjon kan ein til dømes vurdere om ressursbruken samsvarar med politiske vedtak og føresetnader, om ressursbruken er effektiv og om regelverk vert følgt.